Song Page - Lyrify.me

Lyrify.me

Møte by Edvard Grieg Lyrics

Genre: pop | Year: 1899

Ho sit ein Sundag lengtande i Li;
Det strøymer på med desse søte Tankar
Og Hjerta fullt og tungt i Barmen bankar
Og Draumen vaknar, bivrande og blid
Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten;
Ho raudner heit; der kjem den vene Guten

Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå
Men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
Dei tek einannan i dei varme Hender
Og stend so der og veit seg inkje Råd
Då bryt ho ut i dette Undringsord:
»Men snille deg då … at du er så stor!«

Og som det lid til svale Kveldings Stund
Alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer
Og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer
Og øre skjelv dei saman Munn mot Munn
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
I heite Sæle søv ho i hans Arm