Song Page - Lyrify.me

Lyrify.me

Elsk by Edvard Grieg Lyrics

Genre: pop | Year: 1899

Den galne Guten min Hug hev dåra;
Eg fangen sit som ein Fugl i Snåra;
Den galne Guten, han gjeng so baus;
Han veit at Fuglen vil aldri laus

Å gjev du batt meg med Bast og Bende
Å gjev du batt meg, so Bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg
At heile Verdi kom burt for meg!

Ja kund’ eg trolla og kund’ eg heksa
Eg vilde inn i den Guten veksa
Eg vilde veksa meg i deg inn
Og vera berre hos Guten min

Å du som bur meg i Hjarta inne
Du Magti fekk yver alt mit Minne;
Kvart vesle Hugsviv som framum dreg
Det berre kviskrar um deg, um deg

Um Soli lyser på Himlen blanke
No ser ho deg, det er all min Tanke;
Um Dagen dovnar og Skoming fell:
Skal tru han tenkjer på meg i Kveld?