Det syng by Edvard Grieg Lyrics
Å veit du den Draum og veit du den Song
So vil du Tonarne gøyma;
Og gilja det for deg so mang ein Gong
Rett aldri so kan du det gløyma
Å hildrande du! med meg skal du bu
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu
Du skal ikkje fæla den mjuke Nott
Då Draumen slær ut sine Vengjer
I linnare Ljos en Dagen hev ått
Og Tonar på mjukare Strengjer
Det voggar um Li, det svævest av Strid
Og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid
Du skal ikkje ræddas den Elskhug vill
Som syndar og græt og gløymer;
Hans Famn er heit og hans Hug er mild
Og Bjønnen arge han tøymer
Å hildrande du! med meg skal du bu
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu
So vil du Tonarne gøyma;
Og gilja det for deg so mang ein Gong
Rett aldri so kan du det gløyma
Å hildrande du! med meg skal du bu
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu
Du skal ikkje fæla den mjuke Nott
Då Draumen slær ut sine Vengjer
I linnare Ljos en Dagen hev ått
Og Tonar på mjukare Strengjer
Det voggar um Li, det svævest av Strid
Og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid
Du skal ikkje ræddas den Elskhug vill
Som syndar og græt og gløymer;
Hans Famn er heit og hans Hug er mild
Og Bjønnen arge han tøymer
Å hildrande du! med meg skal du bu
I Blåhaugen skal du din Sylvrokk snu