Song Page - Lyrify.me

Lyrify.me

Ein fin liten blome by Bjrn Eidsvg Lyrics

Genre: pop | Year: 1993

Bjørn Eidsvåg - Ein fin liten blome

Ein fin liten blome i skogen eg ser
I granskogen diger og dryg
Og vent mellom mose og lyng han seg ter
Han står der så liten og blyg

Sei ottast du ikkje i skogen stå gøymd
Der skuggane tyngje deg må?
-Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd
Til ringaste blom vil han sjå

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå
Der folk kunne skoda på deg?
-Å nei, eg trivst best mellom ringe og små
Eg føddest til skogblome eg

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær
Med honom eg kjenner men sæl
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber
Med bøna eg sovnar kvar kveld
Som blomen om vinteren visnar eg av
Men gler meg, for då står eg brud
Lat lekamen kvila med fred i si grav
Mi sjel, ho er heime hos Gud

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
I morgonen ævele klår
Og blanda med heilage englar min song
I himmele, dit døden ei når!